
Dei siste veke har ein kunne sjå daglege oppslag om viruset apekoppar i nasjonale medium. Fungerande kommuneoverlege i Sunnfjord, Anders Rosø, seier at det er ingen grunn til å bekymre seg her til lands.

Skulane i Sunnfjord slit med å rekruttere nok lærarar. Lokallagsleiaren i Utdanningsforbundet Sunnfjord seier at god løn i læraryrket er nødvendig for å få fleire til å ta utdanninga

Samferdsleutvalet i Vestland har bestemt seg for kva prosjekt dei vil ha starta opp dei neste fire åra. Saka må vidare til fylkestinget, men truleg er løpet lagt allereie no.

Tysdag 24. mai er det møte i samferdsleutvalet i Vestland fylkeskommune. Dei skal mellom anna vurdere om Heilevangtunnelen skal få oppstartsmidlane den treng.
Kreftforeningen får ofte meldingar frå kreftpasientar at dei kjenner seg åleine og overlatne til seg sjølve når dei kjem heim frå sjukehuset etter enda behandling.
Fristen var klokka 00.00. Fem timar seinare hadde partane i offentleg sektor enno ikkje blitt einige.

Bompengeselskapet Ferde vil ha fullmakt til å indeksjustere bomprisane i Førdepakken, utan å spørje fylkeskommunen eller kommunen om løyve kvar gong.

Bygginga av det nye somatikkbygget, Livabygget, på Nye Førde sjukehus går framover. No har dei bestemt korleis fasaden skal sjå ut.
VESTLAND

Tysdag kan 62 personar i Sunnfjord kommune bli tatt ut i streik. Det vil kunne påverke tenestetorga, biblioteka og kinotilbodet i kommunen.

Fylkesrådmannen tilrår å gje pengar til rassikringsprosjektet på Heilevangtunnelen. Men sogningane er ikkje nøgde med at eit anna rassikringsprosjekt glimrar med sitt fråvær: Esefjordbrua. No vert det jobba i kulissene før avgjerda tysdag 25. mai.

Patruljen fekk melding om to tjuveri i helga. Men ingen hadde hatt innbrot.

Pandemi og endringar i staben gjorde 2021 til eit krevjande år for teknologibedrifta Mediebruket. No ser dei framover, og er begynt å planlegge ein ny kurs.

– Regnjakke og paraply er stikkordet for denne veka.

Frode Kårstad meiner Arve Helle som lokal fylkespolitikar bør snakke fram prosjekt frå sitt eige område. Helle seier ein må sjå realistisk på prosjektet.

Tilsette i Åsen & Øvrelid får opp til 80.000 kroner i bonus, takka vere god drift i fjor.

Sunnfjord kommune held på med ny reguleringsplan for Vevring, men arbeidet blir 1,3 millionar dyrare enn før. No har kommunestyret vedteke å bruke 700.000 frå disposisjonsfondet for å finansiere auken.

Dei sel kle, sko og leikar for ein tikroning. I år samla dei inn eit rekordstort beløp som går til barn og familiar i Romania og ukrainske flyktningar.

Førde-entreprenøren har aldri hatt så godt driftsresultat som i fjor, men no peikar ikkje pilene oppover lenger.

– Dette har eg aldri opplevd før!
Sunnfjord kommune gir årleg partia som vart valde inn i kommunestyret 2019 ei partisøtte. Partistøtta svarar til 100 prosent av det statlege tilskotet kommunen får til dette føremålet.

Det er påvist kvikkleire i grunnen under Smestad, men fagfolk har no vurdert området som stabilt nok til å byggast ut.

Her er næringslivsloggen til og med torsdag 19. mai 2022.

Med to års utsetting av 15-årsjubileet, nytta arrangørane sjansen til å gjere store endringar.
– No begynner dette nettverket å ta form. Dette arrangementet vil vere avsparket.

Kaldare, gråare og våtare er stikkorda for vêret framover.

Russebuksene er av og tredjeklassingane er tilbake i «normal drift». Jengegjengen trur russetida blir kjekk å sjå tilbake på.

Leiar i 17. mai komiteen er strålande nøgd med årets feiring.
Etter to år utan folkefest, kunne sunnfjordingane igjen feire nasjonaldagen i kjent stil. Men ein ting hadde endra seg – til det betre.

Mat, musikk og underhaldning. Arrangørane lovar noko for små og store når dei inviterer til fest siste helga i juni.
Jølster kommune lova å reversere at staden Søgnesand vart til Sygnesand, men det skjedde aldri.

Etter to år med restriksjonar kunne vi endeleg feire nasjonaldagen i kjent stil. Førde leverte eit storslått tog gjennom sentrum.

Leiar i Norges mållag, Frida Pernille Mikkelsen, er årets 17. mai-talar i Førde. Her kan du lese hennar helsing på nasjonaldagen.

Fotograf og kommentator: Alf Vidar Snæland.
VESTLAND

Fylkes- og kommunepolitikar Åsmund Berthelsen (SV) lenka seg fast på Engebø i protest mot gruveplanane. Men bota han fekk av politiet ville han ikkje godta.
Her er næringslivsloggen til og med måndag 16. mai 2022.

Gravemaskinene har vore i drift i tre veker. Til sommaren vil ein ikkje lenger kunne sjå spor i Vassendenbukta etter rasa som gjekk i 2019.

Video: Alf Vidar Snæland.
Frå og med i dag er fjellovergangen ope heile døgnet.

Tomteutbygginga i Årsetbakkane på Vassenden er på gli.

Andreas Førde reagerer på reklame i skuleoppgåver. Skulesjefen seier dei må gå igjennom og kvalitetssikre verktøya dei lenkar til.

Kraftselskapet Eviny hadde eit godt år i 2021, og deler ut utbytte. Solund kommune får 2,2 millionar kroner. Sunnfjord nesten ti gonger så mykje.

I Førde har dei starta med gratis vannpolo for unge. Men likevel er det vanskeleg få dei lokale med.
Politiet måtte handtere slagsmål i både Sunnfjord og Nordfjord natt til søndag.

Det vart nærast hallelujastemning på Sunnfjord rådhus då politikarane fekk høyre om ein ny reinseteknologi som er utvikla i Førde. Oppfinninga kan revolusjonere kloakk- og avløpsbransjen, viss profetiane slår til.

Kapasiteten på dagens anlegg er sprengd. No har Gaular Idrettslag storslegne planar om ny aktivitetspark.

Det blir ikkje ein fullt så varm nasjonaldag som varsla førre veke, men tysdag ligg det an til sol og skyfri himmel.

– Det er ganske unikt, seier Øystein Hope, dagleg leiar i Byggmakker Bruland.

Å kjempe for Førdefjorden er heilt i fars ånd, og ein fristad frå sorga etter at han gjekk bort.

Mølletunet AS sine argument nådde ikkje fram hos Statsforvaltaren.

Førde-straumselskapet debuterte i årets Norsk Kundebarometer-undersøking, og enda opp på tredjeplass totalt.

Seinast fredag rasa småstein ned i vegen. No er det opp til fylkespolitikarane å avgjere om det blir oppstart for Hundsåna neste år.
Fylkesrådmannen prioriterer rassikring av fv. 609 Heilevang i 2023.

I Støre-regjeringa sitt forslag til revidert nasjonalbudsjett er det ingenting til å dekke kommunane si korona-rekning. Sunnfjord kommune har brukt 20 millionar kroner på dette. – Dramatisk, seier ordførar Jenny Følling (Sp)

Leif Jarle Espedal og Arve Helle meiner ein burde utbetre den eksisterande vegen i staden for å bygge ny veg gjennom Bygstad med bru over Svesundet.

No ser det verkeleg lyst ut for legeutdanning i Førde. Det fekk ordføraren til å hoppe av glede.

Det vart ingen lange festtalar, men ei grasiøs snorklipping og ei diger kake. Skeidar har opna sin nye butikk, og Øyrane senter begynner å vakne til live for fullt.

Får igjen rive på Engebø.

Sunnfjord kommune brukar minst 14 millionar kroner kvart år på elektrikartenester, berre på vedlikehald og kontrollar. No vil dei undersøke om det er betre å ha eigne folk til å gjere arbeidet.
VESTLAND

Kurt Opseth og sameiget i Korsavegen må anten betale for ei full utgreiing av steinplastringa dei vil lage, eller føre tilbake alt til opphavleg stand.

Det etterlengta forslaget om kor fylkesveg 57 bør gå i framtida er klart. Det syner at fylkeskommunen meiner vegen bør gå gjennom Bygstad. Det inkluderer bru over Svesundet.

Då russefeiringa hang i ein tynn tråd, trødde driftige foreldre til. Det har ifølge russejentene Tuva Viken, Vilde Bjørnetun og Tonje Ulleland gjeve dei ei super russefering.

Fekk først avvising av både kommunen og statsforvaltaren. No har Førde-paret gått til søksmål mot Landbruks- og matdepartementet.

No er repareringa av klatreparkane i Førde og Jølster snart i gang.

Stein Malkenes var ein av dei tre første aksjonistane mot Engebøprosjektet, nyttårsaftan 1991. Dei to andre som var med den gongen, Magnar Falkenstein og Fridtjov Urdal, har dei siste dagane blitt arresterte for å ha lenka seg fast til maskinene på Engebø.

Det vart nokre vender om namnet på den nye og store idrettshallen på Skei. Då namnet Skeihallen kom på fasaden, kunne det vorte permanent. Men så vart Språkrådet drege inn i saka og tilrådde «prinsipalt» namnet '-halla', eventuelt '-hallen'. Rådet...

Også i vårt distrikt skal alle politifolk som er i operativ teneste på nasjonaldagen bere våpen.

Tilsette på dei fire einingane på Førde omsorgssenter er dei einaste i omsorgssektoren i Sunnfjord kommune som ikkje har betalt for lunsjpausane sine. Det er opp til politikarane å løyve pengane som skal til for å dekke gapet.

Frida Pernille Mikkelsen (25) er vant til å snakke til større forsamlingar, men ho har aldri stått på talarstolen på nasjonaldagen.

Børge Klakegg er tilsett som dagleg leiar i Frydenbø i Førde.

Brannstasjonen på Øyrane er «gått ut på dato». Dei tillitsvalde i Fagforbundet og Delta meiner Sunnfjord kommune bør satse på ein mellombels brannstasjon i plasthall på ein sentral stad, i staden for å sette inn garderobebrakker på dagens stasjon.

Tysdag bytte over fleire hundre barn og unge ut skulebok og skulebenk med tartandekke og konkurranse. Og ein del regn. For første gong på tre år vart Tinestafetten arrangert.
To personbilar har kollidert front mot front i Naustdalstunnelen. Det melder Vest politidistrikt klokka 16.27.

Statens vegvesen har i dag lansert si liste over dei 20 prosjekta dei vil prioritere dei neste åra, og i kva rekkefølge. Både Hafstadfjelltunnelen og Erdalstunnelen er inne på lista.

Det er rett og slett få spor etter pandemien i rekneskapen til den ferske Førde-bedrifta Hending AS.

Sunnfjord kommune brukte bilde utan å betale og utan å kreditere fotografen.