
Då fristen for påmelding til seriespel på Sunnmøre gjekk ut i januar skjedde det utan at Hareid hadde meldt inn damelag, men no er laget registrert for 4.-divisjonsspel.

Åse Marie Øie Røyset (82) er pensjonert jordmor, og meiner fødsel er det aller mest naturlege i verda. – Men det kan gå gale, og når eg tenkjer tilbake forstår eg ikkje at eg torde å stå i desse heimefødslane åleine.

Næringslivet må bli grønare. Torsdag 2. februar inviterte Spenncon, i samarbeid med Greenstat og Vekst i Hareid, inn til eit arbeidsmøte på Ishavsmuseet der temaet var korleis næringslivet kan samarbeide om å få utsleppet av CO₂ kraftig ned.

Legane i Ulstein og Hareid er svært kritiske til forslaget om å flytte ambulansetenesta frå Ulsteinvik til Myrvåg.

Ein mann i trettiåra, busett i Hareid, er i tingretten dømt for å ha køyrt bil utan førarkort.

Etter fleire rundar med offentleg ettersyn og endringar skal planen opp til godkjenning i Hareid formannskap.

Kommunedirektøren rår hareidspolitikarane til å vedta at kommunen skal vere med vidare i reiselivssatsinga.

Mange har late seg begeistre og bevege av NRK sin serie «Demenskoret». No vert det jobba med å få sett i gang eit tilsvarande tiltak her på våre trakter.
MØRE OG ROMSDAL

Ei ny gjestehamn med flytebrygge, bølgedemparar, servicehus og badstove er under planlegging på indre Hareid.


– Det einaste som kunne gjort kvelden betre var om han var lenger, sa Hiljerd Holt Myrene då ho på slutten av kvelden takka for festen.

Monica Svoren sluttar i Hareid kommune for å bli avdelingsleiar for barn, familie og helse i Herøy kommune.

Det foregår no bygningsarbeid på ytremoloen i Hareid hamn. Håpet er at blant anna ferjene i friperiodar kan ligge ved den nye kaia.

Ei kvinne i tjueåra frå Hareid er dømt for å ha køyrt bil etter å ha røykt hasj.

Dommen i Øvrelid-saka kjem tidlegast måndag 13. februar.

Hareid og Ulstein brannvesen skal ha øving i ettermiddag/kveld, onsdag 1. februar.

Sunnmøre Fotballkrets skriv på sine nettsider at det er fleire lag som har meldt seg på både til seriespel i gute-, jente-, ungdom- og seniorklassene denne sesongen. Også i Hareid og Ulstein er det fleire lag som satsar mot seriespel i år.

Kvar tysdag og torsdag møtes ein gjeng karar i 70- og 80-åra til trim for hjartet sitt. Sjølv når pulsen bankar på høggir er der plass til litt humor i «gutterommet».


Hareid kommune har fått motsegn frå Møre og Romsdal fylke for at kommunen har regulert inn for mykje areal til bustader.


Rekruttering av fastlegar er tema i denne vekas leiarartikkel.


Ein delegasjon på fire personar frå Hareid har vore med på ein konferanse i Trøndelag der andre løysingar enn Helseplattforma vart presentert.

Kontantkassene i Ulstein og Hareid har fått nytt påfyll av klingande mynt, takka vere Kongsberg Maritime.


I førre veke hadde 10.-klassingane ved Hareid ungdomsskule «innovasjonscamp» heile veka. Målet er å knyte tettare band mellom ungdomane og næringslivet i Hareid.


Nav, Kyrkjekontoret og E-Design har flytta, og det er store ombyggingar på gang i Floten 1 og 2 i Kjøpmannsgata på Hareid. Men nye kjem inn.



Hødd Handball arrangerer laurdag miniturnering for jenter og gutar i alderen sju til ni år.

Økonomien i helsesekstoren i tema i denne vekas leiarartikkel.

Deler av vegen i Almestranda har vore i elendig forfatning. No blir han rusta opp.
MØRE OG ROMSDAL

Hareid har sikra seg to nye spelarar til årets fotballsesong i 4. divisjon.

Onsdag kveld samla politikarar, eldsjeler og lokalbefolkning seg til fakkelaksjon for å vise si misnøye mot Helse Møre og Romsdal si avgjersle om flytting av ambulant team i Myrvåg.

Ute er det kjølig og glatt, men inne i Hadarhallen har Hareid IL sitt A-lag svært gode treningstilhøve. Oppkøyringa er godt i gang og laget sitt nye trenarteam har byrja å sette sitt preg på 4.-divisjonsklubben.

Førebels er det tomt på Myrtunet, men det nyopna akuttmottaket for einslege mindreårige asylsøkjarar er budde på å ta mot bebuarar på kort varsel.


Det er i dag svært glatte vegar i Ulstein og Hareid.

Hjortejegerane i Hareid kommune sette ny fellingsrekord i fjor med 262 dyr, ifølgje Hjorteviltregisteret for 2022.


E-Design legg ned drifta på Hareid. Bunadverkstaden og gåvebutikken opna i Kjøpmannsgata i 2008.

Ein mann i trettiåra blir mot sin vilje utlevert frå Noreg til Litauen.


865 kundar var utan straum i Hareid tysdag formiddag.


Norsk Tipping har presentert tala frå Grasrotandelen for 2022. Oversikta viser at lag og foreiningar i Møre og Romsdal fekk over 44 millionar kroner gjennom ordninga i løpet av fjoråret.


Nyleg vart det sendt ut varsel om oppstart av detaljregulering for Miljøpark Hareidseidet.

Ho har vore FN-soldat i Libanon og forsterka fostermor. No er ho nytilsett miljørettleiar ved Hareid ungdomsskule. – Vi miljørettleiarane er her for å skape trivsel, spesielt for dei som i ein periode kan slite litt, forklarer ho.



I fjor blei fartsgrensa på delar av fylkesvegstrekninga på Bigset redusert – etter at Bigset FAU og Bigset Barnehage i fleire år hadde kjempa for dette. Fleire har alt sett effekten av endringane, som også omfattar to fartshumpar.

I dag, onsdag 11. januar, klokka 12.00 skal Sivilforsvaret teste varslingsanlegga sine.

Dei sju ordførarane på søre Sunnmøre kritiserer måten Helse Møre og Romsdal går fram på knytt til planlagte endringar i regionen.

Sju konkurranseturnarar har meldt overgang frå Hødd Turn til Hareid IL si turngruppe. Også Vidar Fosse, som har vore trenar i Hødd sidan 2007, har meldt overgang.

Eit tidlegare småbruk på Hovden, med Sunnmøre Golfklubb som nærmaste nabo – blei lagt ut for sal vesle julaftan. Heile 32 interessentar har meldt seg. – Responsen er enorm, seier eigedomsmeklar Martin Haddal.

Ein etterlyst mann frå Litauen vart arrestert i ein tilfeldig trafikk-kontroll på Hareid sist torsdag.

MØRE OG ROMSDAL

Attgløymd lommelerke vart funnen, gløymd og funnen att. No jaktar vi på eigaren. Igjen.

Vedrana Terzic seier at alle kan kome i ein vanskeleg økonomisk situasjon. Det skal ikkje gå utover born og unge sine fritidsaktivitetar.

Brønnbåtreiarlaget Intership går inn som ny hovudsponsor for Hareid IL.


– Eit løp for spesielt interesserte, kommenterte Knut Vikebakk og smilte breitt etter han kom i mål med den nest beste tida rundt vatnet.



Den tidlegare turndommaren og trenaren for landslagsutøvarar, Ingvil Øyehol, er ein av fleire som har vore sentral i arbeidet med den nye basishallen på Hareid. No flyttar ho heim etter snart 23 år i Oslo og Asker.

Har du eit våpen som ikkje er registrert? Då er det hjelp å få det neste halvåret.


Ekornes skal redusere arbeidsstokken i Norge med inntil 190 årsverk. Dei tilsette frå Hareid og Ulstein som har pendla til Sykkylven etter at fabrikken på Hareid blei lagt ned, blir høgst truleg ikkje råka av dette.

Hareid kommune er saksøkt av eit tidlegare barnevernsbarn.


Midt i desember gjekk saka i si fulle breidde i Frostating lagmannsrett, i Ålesund: Her er det mest sentrale.

Det har blitt ein fast tradisjon for symjarar i YSSS, Ytre Søre Sunnmøre Symjeklubb, å avslutte året med ein skikkeleg symjemaraton.


