Fusa
Ferietilbod for ungdom i august - påmelding no
Ferietilbodet rettar seg til dei som er mellom 13 til 19 år og går i perioden 10.-13. august. Ungdom frå både Fusa og Os kan melda seg på. Opplegget er sponsa av staten, med ei deltakaravgift på kr 400 per person. Dersom du synest det er dyrt, kan du be om redusert...
torsdag 4. juli Fusa kommune
No kan du stemma!
Om du ikkje har høve til å stemma i den ordinære perioden for førehandsrøysting eller på valdagen, kan du ta kontakt med kommunen der du ønskjer å stemma for å stemma allereie no.Tidleg førehandsstemming er eit tilbod for å sikra at alle veljarar...
onsdag 3. juli Fusa kommune
Sommarope i biblioteket
Biblioteket er ope i heile sommar, og tilbyr eitspennande sommarprogram. Frå måndag 1. juli til og med måndag 5. august er det reduserte opningstider. Det er personale til stades tysdag-torsdag kl. 09-14.30. Måndag og fredag er biblioteket sjølvbetent i Kommunetunet si opningstid (kl....
fredag 21. juni Fusa kommune
Barneverntenesta får felles leiing for Os og Fusa
Fråog med 1. juli tek Os-leiar Linda Hevrøy over som leiar også for barneverntenesta i Fusa. Avtroppande leiar Line Åsvang skal over i ny jobb som leiar for barneverntenesta i Kvam. Ho minner om at barneverntenesta er bemanna alle dagar gjennom sommaren.
torsdag 20. juni Fusa kommune
Vil du vera valmedarbeidar?
9. september skal det veljast representantar til det første kommunestyret i Bjørnafjorden kommune. Vi treng enno nokre fleire valmedarbeidarar til fleire av vallokala. Er du interessert?Les meir og registrer deg her!
onsdag 19. juni Fusa kommune
Opningstider i Kommunetunet i sommar
Frå 1. juli til 9. august er det redusert opningstid i Kommunetunet. Det er ope måndag-fredag kl. 09.00-14.30. Fusa kommune ønskjer alle ein god sommar!
tirsdag 18. juni Fusa kommune
Bli med på den største og kulaste lesekampanjen i landet!
Har du hugsa å melda deg på Sommarles? Det er ikkje for seint. Alle barn i 1.-7. klasse kan vera med på denne digitale lesekampanjen. Du melder deg på på nettsidasommarles.no.
mandag 17. juni Fusa kommune
Hjelp oss å førebyggja brann
Er du bekymra for di eiga eller andre si brannsikkerheit? Har du oppdaga eit brannfarleg forhold og ønskjer å melda frå? No er det lansert ei ny nasjonal nettside,branntips.no, der du kan senda bekymringsmeldingar direkte til ditt eige brannvesen. Fusa brann og redning er mellom dei 103...
fredag 14. juni Fusa kommune
HORDALAND

Kommunestyremøte 20. juni 2019
Fusa kommunestyre har møte torsdag 20. juni kl. 12.00i Eikelandsfjorden samfunnshus. På saklista står m.a. årsmelding og rekneskap for 2018, finansiering av kommunereforma og godkjenning av akvakulturplanen 2019-2027. Sjå sakspapir.Møtet er ope for alle interesserte.
fredag 14. juni Fusa kommune
Skjenkekurs tysdag 11. juni
Det vert skjenkekurs for vakter, skjenkestyrarar, huseigar/styrerepresentantar og andre interesserte tysdag 11. juni kl. 18.00-21.00 i Kommunetunet. Vi planlegg eit nytt kurs til hausten.
tirsdag 4. juni Fusa kommune
Idédugnad - kva er viktig for deg?
Kl. 18-20 i kveld tysdag 4.6. er det iddugnad i Eikelandsfjorden samfunnshus for betre helse- og velferdstenester. Her vil leiarane for dei ulike tenestene stå på stands i salen, med ønske om dialog, spørsmål og innspel. Alle innbyggarar, lag og organisasjonar i framtidige...
tirsdag 4. juni Fusa kommune
Kurs for pårørande og personar med demenssjukdom
Er du mellom 18 og 30 år og har far eller mor med demens? Eller er du sjølv under 65 år og har fått ein demensdiagnose? Nasjonal kompetansetjeneste for aldring og helse tilbyr to ulike typar kurs til hausten som kan passa for deg, opplyser nytilsett vernepleiar i demensomsorga i Fusa,...
tirsdag 28. mai Fusa kommune
Politiske møteveke 3.-6. juni 2019
Siste politiske møterunde før ferien finn stad i starten av juni. Ungdomsrådet og senior- og funksjonsrådet har møte måndag 3. juni. Formannskapet har møte tysdag 4. juni, og utval for plan og miljø (UPM) torsdag 6. juni. Møta er opne for alle interesserte.
fredag 24. mai Fusa kommune
Vil du bli støttekontakt?
Kan du tenkja deg å bruka nokre timar i veka til å vera saman med nokon som treng det, på fritidsaktivitetar? Det handlar om å vera med på t.d. kino, bading, tur, kaf eller trening.Fusa kommune treng støttekontaktar til barn, unge og vaksne, som av ymse årsaker treng litt...
onsdag 22. mai Fusa kommune
Siste sjanse til å få gratis HPV-vaksine
Er du fødd i 1991 eller seinare og har ikkje fått tatt HPV-vaksine enno? Då må du skunda deg.Tilbodet om gratis vaksine mot humant papillomavirus går ut 30. juni i år.Ta kontakt med helsestasjonenog bestill time.
onsdag 22. mai Fusa kommune
Trond Mohn Games 2019
Vil du ha gratisbillettar tilTrond Mohn Gamespå Fana stadion onsdag 22. mai? Fusa kommune deler ut fribillettarer. Kontakt ekspedisjonen i Kommunetunet.
mandag 20. mai Fusa kommune
Ver varsam ved bålbrenning og grilling
Det er finevr og sesong for grilling og bål. Samtidig er det tørt i terrenget og skobrannfare. Brannsjef Gunnar Hatlelid oppmodar difor alle om å vera varsame og retta seg etterråda for trygg bålbrenning.
mandag 20. mai Fusa kommune
Nedgang i folketalet
Folketalet i Fusa minka med 12 i første kvartal 2019 til 3 849 registrerte innbyggjarar. Dette viser dei ferske tala frå Statistisk sentralbyrå (SSB). Det vart fødd like mange som det døydde (8 personar), medan det var fleire som flytta frå Fusa enn til.
mandag 20. mai Fusa kommune
17. mai-førebuing på Engevik Gaard
Onsdag 15. mai var alle 6. klassingane i Fusa samla til aktivitetsdag påEngevik Gaard. Rett før 17. mai var det dansketida og 1814 som stod på programmet. I tillegg til historieundervisning på offisersgarden frå 1700-talet, fekk elevane prøva seg på militær eksersis...
torsdag 16. mai Fusa kommune
Treng du SFO-tilbod i sommar?
Fusa kommune tilbyr skulefritidsordning to veker i sommarferien for elevar i 1.-4. klasse. Ferie-SFO er på Fusa skule. Tilbodet gjeld 21.-27. juni og 5.-9. august. Du kan kjøpa enkeltdagar eller ei heil veke. Påmeldingsfristen er 24. mai.
torsdag 9. mai Fusa kommune
Husmann for ein dag i Vinnesholmen
Sist torsdag fekk alle 5. klassingane i Fusa prøva seg som husmenn for ein dag i vakkert vårver i Vinnesholmen. Aktivitetsdagen var del av det lokalhistoriske undervisningsopplegget Fusanisto.Takk til alle gode hjelparar, inkludert kua Magni, og entusiastiske elevar og lærarar for ein flott dag!
tirsdag 30. april Fusa kommune
Tid for betaling av kommunale avgifter 2019
Den første fakturaen for kommunale avgifter i 2019 kjem i posten i desse dagar. Fakturaen gjeld vatn, avløp og slamtømming.Sjå gebyrregulativet for detaljert informasjon.
mandag 29. april Fusa kommune
Utsett opning for Fjorden arena
Det var tillyst eit arrangement med Open hall i den nye idrettshallen i Eikelandsosen søndag 28. april. Arrangementet, som var planlagd i samarbeid med Os idrettspark, er utsett på ubestemt tid. Hugaas A/S som har totalentreprisen ligg stadig etter skjema i sluttføringa av arbeidet med dei...
onsdag 24. april Fusa kommune
Fargesterk vårutstilling frå Raul
Torsdag 11. april var det ei høgtidleg utstillingsopning i Kommunetunet i Eikelandsosen. I det som vert kalla Glasgato kan du no oppleva dei fargesterke arbeida til Raul Damiao Jesus.
fredag 12. april Fusa kommune
Forbod mot open eld
15. april til 15. september er det forbod mot å gjera opp eld i skog og mark utan løyve frå brannsjefen - med visse unntak. Yr melder no om skogbrannfare i vårt område, og det er ekstra grunn til å vera varsam, seier brannsjef i FusaGunnar Hatlelid. Mange er g i gang med...
torsdag 11. april Fusa kommune
Bli med på ryddedugnad!
To store, nasjonale ryddedugnadar er i gang. Det er BIR som står bak dugnadane i området vårt. Den eine gjeld strandrydding, den andre gjeld boss i nærmiljøa. Målet er redusera forsøplinga av havet og å få det reint og ryddig til 17. mai.
torsdag 11. april Fusa kommune
150.000 til festivalar og større arrangement
Fusa kommune har fordelt 150.000 kroner til festivalar og større arrangement i 2019. Vinnestivalen fekk største tildelinga med 90.000 kroner til den 11. festivalen i rekka, helga 21.-23. juni.
torsdag 11. april Fusa kommune
Fusa i påsken
Påskeliljene blømer ved fjorden og påskekrimmen er på plass i Fusa folkebibliotek. Ta turen innom biblioteket og lån med deg påskelektyre for store og små. I påskeveka er biblioteket og ekspedisjonen i Kommunetunet ope klokka 9-14.30 måndag og tysdag, og klokka...
onsdag 10. april Fusa kommune
Søk midlar til lokale trafikksikringsarrangement
Hordaland fylkeskommune gjev tilskot til lokale trafikksikringsarrangement.No kan skular, barnehagar, lag, foreiningar, organisasjonar og kommunar i Hordaland søkja om midlar. Søknadsfrist: 1. mai.
onsdag 10. april Fusa kommune
Ekstramøte i formannskapet 11. april 2019
Det blir ekstramøte i formannskapet 11. april kl. 16.00.​Møtet finn stad i Kommunetunet i Eikelandsosen, møterom 126.
mandag 8. april Fusa kommune
Følg UKM-festival på Oseana
Det er UKM-festival for heile Hordaland på Oseana 6.-7. april. Os og Fusa er godt representerte med unge talent både i ei stor kunstutstilling og eit sceneprogram som går over to dagar. Du finn meir informasjon påukm.noog kan følgja programmet på direkten viadirektesending.
lørdag 6. april Fusa kommune
Kommunestyremøte 11. april 2019
Fusa kommunestyre har møte torsdag 11.04. kl. 17.00. Møtet finn stad i Trivselstunet - dagsenteret på Fusa vidaregåande skule i Eikelandsosen.Sjå møteinnkalling og saksdokument.Møtet er ope for alle interesserte.
torsdag 4. april Fusa kommune
Næringsutvikling med fokus på grøn konkurransekraft
Har du eit prosjekt på gang som handlar om næringsutvikling knytt til det grøne skiftet? Då kan du søkja tilskot frå Hordaland fylkeskommune. Søknadsfristen er 1. juni 2019.
mandag 1. april Fusa kommune
HORDALAND

Symjehallen er stengt laurdag
Fusa symjehall i Eikelandsosen er stengt laurdag 30. mars grunna arbeid på vassverket i skuleområdet.
fredag 29. mars Fusa kommune
Årsmelding for Fusa kommune 2018
Årsmeldinga for 2018er klar.Her kan du lesa om drifta i året som gjekk og sjå foto av litt av det som skjedde i Fusa i fjor. Fusa kommune leverer eit svært godt resultat. Ureviderte rekneskapstal viser eit mindreforbruk på kr 23,9 mill. og ein resultatgrad på 6,23 %.
onsdag 27. mars Fusa kommune
Open skule og innskriving av 1. klassingar
Har du barn som skal begynna på skulen i Eikelandsosen til hausten? Tysdag 26. mars kl. 12-17 og onsdag 3. april kl. 12-15 blir det open skulefor innskriving av nye 1. klassingar, som skuleåret 2019-2020skal starta påEikelandsosen skule. RektorKjersti Søvikønskjer barn og...
fredag 22. mars Fusa kommune
Politisk møteveke i Fusa 25.-28. mars 2019
Ungdomsrådet og Senior- og funksjonsrådet startar møterunden måndag 25.03. Formannskapet har møte onsdag 27.03. og utval for plan og miljø (UPM) 28.03. Møta finn stad i Kommunetunet i Eikelandsosen og er opne for alle interesserte.Sakspapir finn du på heimesida.
onsdag 20. mars Fusa kommune
Tid for å søkja om plass i kulturskulen
Vil du læra å spela eit instrument, eller bli med på ei dansegruppe i Bjørnafjorden kulturskule? Søknadsfristen er 1. april. Det gjeld både for nye elevar, og for noverande elevar som vil halda fram til hausten.
mandag 18. mars Fusa kommune
Skogkurs for kvinner
Er du kvinne og skogeigar er dette noko for deg:Motorsagkurs med kort innføring i forvaltning av skogeigedom. Kurset vert arrangert 29.-30. marsi skogen på Holmefjord og 1. april i Kommunetunet i Eikelandsosen.Påmeldingsfrist: 26. mars.
onsdag 13. mars Fusa kommune
Vellukka UKM for Os og Fusa
Laurdag 9. mars vart det for 7. og siste gong arrangert felles UKM for Os og Fusa. Neste år er vi saman i Bjørnafjorden kommune! Det vart eit feiande flott program med lokal ungdom i fri og kreativ utfalding. Neste stopp for fleire av deltakarane er fylkesfestivalen, som vert i Oseana 5.-7. april.
onsdag 13. mars Fusa kommune
Forskrift om vass- og avløpsgebyr i Bjørnafjorden kommune er på høyring
Fellesnemnda har i møte 11. februar 2019, sak 14/2019, vedteke å leggjaforslag til lokal forskrift for vass- og avløpsgebyrut på høyring. Høyringsfrist: 10. mai 2019.
tirsdag 12. mars Fusa kommune
Ope møte om områdeplan for Eikelandsosen
Lurer du på kva områdeplanen for Eikelandsosen inneheld? Torsdag 14. mars klokka 19 vert det arrangert ope møte om områdeplanen i biblioteket i Kommunetunet. Det vert ein kort gjennomgang av planen ved ABO og høve til å stilla spørsmål. Sjåmeir informasjon om...
tirsdag 12. mars Fusa kommune
Tilskot til tilpassing av bustad
Har du behov for å tilpassa bustaden din? Då kan du søkja om finansiering til små eller store ombyggingar og tilpassingar.
mandag 11. mars Fusa kommune
Ope hus med "samanknyting" av Asvo i Fusa og Os
Asvo Fusa og Os Asvo slår seg saman. Det vart markert med ope hus og offisiell samanknyting fredag 8. mars i Os Asvo sine lokale i Industrivegen 96 på Os.Sjå fleire foto frå markeringa på Midtsiden.
onsdag 6. mars Fusa kommune
Internasjonal 8. mars-fest i Fusa folkebibliotek
Velkommen til fest i biblioteket i Kommunetunet i Eikelandsosen på den internasjonale kvinnedagen 8. mars klokka 19. Arrangementskomiteen inviterer til å dela erfaringar, historier, dikt, mat, dans, song, prat, og bokutstilling i biblioteket. Arrangementet er gratis.
onsdag 6. mars Fusa kommune
Kulturbygging i Bjørnafjorden i 2019
Os og Fusa slår seg saman til Bjørnafjorden 1. januar 2020. Fellesnemnda for Bjørnafjorden kommune har sett av kr 250 000 til eit fond kor lag og organisasjonar kan søkja om midlar til å gjennomføra aktivitetar i 2019. Bli med å visa fram kva Bjørnafjorden har...
onsdag 6. mars Fusa kommune
Tilskot til festivalar og større arrangement 2019
I budsjettet for 2019 har Fusa kommunestyre sett av ei løyving på kroner 150.000 til ei ny tilskotsordning for lokale festivalar og større kulturarrangement i Fusa. Søknadsfrist er 20. mars og fortløpande etter det, så langt potten rekk.
mandag 4. mars Fusa kommune
Færre fusingar
Folketalet i Fusa minka med 59 personar i 2018. Det utgjer ein nedgang på 1,5 %. Ved inngangen av 2019 var 3 861 personar folkeregistrerte i kommunen. Nedgangen skuldast fødselsunderskot og netto utflytting.
mandag 4. mars Fusa kommune
Tilskot til etablering i eigen bustad
Personar som ikkje klarer å betena eit startlån som er stort nok til å finansiera ein egna bustad, kan få tilskot til etablering.
torsdag 28. februar Fusa kommune
Eigedomsskatten for 2019
Eigedomsskattelistene er lagt ut til offentleg ettersyn på heimesida og i ekspedisjonen til Fusa kommune i Kommunetunet i Eikelandsosen frå og med torsdag 28. februar til og med torsdag 21. mars. Klagefristen er 12. april.
onsdag 27. februar Fusa kommune
Kommunedelplan for akvakultur 2019-2027 er lagt ut til høyring
Utval for plan og miljø (UPM) vedtok samrøystes i møte 31.01.2019 å leggja kommunedelplan (KDP) for akvakultur ut til høyring og offentleg ettersyn. Vedtaket er heimla i plan- og bygningslova 1-1, 1-5 og kap. 11. Bruk gjerneskjema for høyringsuttale, med referanse til sak...
fredag 15. februar Fusa kommune
Fusa skårar godt i Kommunetesten 2019
Resultatet av Forbrukerrådet sin Kommunetest 2019 er nyleg kunngjort. Fusa kan gle seg overbronseplass i Hordaland etter Bergen og Fjell og er rangert som nr. 61 i landet.
fredag 15. februar Fusa kommune
Områdeplan for Eikelandsosen er lagt ut til høyring
I utval for plan og miljø vart det 31.01.2019 vedteke å leggja områdeplan for Eikelandsosen ut til høyring og offentleg ettersyn, med heimel i plan- og bygningslova 12-1, 2 og 10.Bruk digitalt skjema for uttaleog merk med saksnr. 16/1089. Høyringsfrist: 31.03.2019.
fredag 15. februar Fusa kommune
Kommunestyre 14.2. og gruppemøte 11.2.
Torsdag 14.2. kl. 18 er det kommunestyremøte i Trivselstunet dagsenter på Fusa vgs i Eikelandsosen. Møtet er ope for alle interesserte. To saker skal til behandling: Godkjenning av detaljreguleringsplan for Opsalmarka og ny tilskotsordning for festivalar og større arrangement.
mandag 11. februar Fusa kommune
Søknadsfrist til barnehage og SFO: 1. mars
Det nærmar seg hovudopptak for barnehage og SFO. Søknadsfristen er 1. mars. Søknadsskjema til barnehage finn du påheimesida til Fusa kommuneogtil SFO her.
tirsdag 5. februar Fusa kommune
Gode tips til miljøvern i kvardagen
Kan single bananar gjera deg til ein medveten forbrukar? Torsdag 14. februar kl 19.00 kjem Mette Nygård Havre til Fusa folkebibliotek og snakkar om korleis vi kan bli meir miljømedvitne i kvardagen. Her kan du få gode tips til korleis vi saman kan snu trenden og kasta mindre mat.
tirsdag 5. februar Fusa kommune
Kunngjering av vedtak i to namnesaker
Statens kartverk har gjort vedtak i sak om skrivemåte for gardsnamna Abotnes (gnr 125) og Tjørn (gnr 51) i Fusa kommune. Etter Lov om stadnamn 10 har eigarane av gardsbruk og eigedom på Abotnes og Tjørn rett til å klaga på vedtaket og eventuelt be om ny vurdering. Klagefristen...
mandag 4. februar Fusa kommune
Innskriving til skulestart hausten 2019
Fusa kommune sender i desse dagar ut informasjon om innskriving til skulestart. Føresette med barn fødde i 2013, vil få ein informasjonsfaldar og skjema i posten, med informasjon om den skulen og krinsen dei høyrer til.
tirsdag 29. januar Fusa kommune
HORDALAND

Treng du SFO-tilbod i vinterferien?
Fusa kommune tilbyr skulefritidsordning i vinterferien for elevar i 1.-4. klasse. Ferie-SFO er på Fusa skule. Tilbodet gjeld kvar dag frå klokka 8 til 15.30 i vinterferieveka 25. februar-1. mars. Du kan kjøpa enkeltdagar eller ei heil veke. Påmeldingsfristen er 30. januar.
fredag 25. januar Fusa kommune
Politisk møteveke 28.-31. januar 2019
Ungdomsrådet og Senior- og funksjonsrådetstartar møterunden måndag 28.01. Formannskapet har møte onsdag 30.01. og utval for plan og miljø (UPM) 31.01. Møta finn stad i Kommunetunet i Eikelandsosen, bortsett frå senior- og funksjonsrådet som har møte...
torsdag 24. januar Fusa kommune
Cirkus Agora på biblioteket
Tysdag 29. januar kl 18.00 får biblioteket i Fusa besøk av Cirkus Agora som i år har 30-årsjubileum. Sirkusdirektør Jan Kjetil Smørdal har denne kvelden med seg eit sirkus i miniformat. Det blir både gjøgling og magi, musikk og fart til glede for små og store.
torsdag 24. januar Fusa kommune
"Bjørnefjorden Gründerpark" etablerer seg i Eikelandsosen
Er du på jakt etter ein kontorplass? I løpet av våren skal entreprenørskapssenteret Bjørnefjorden Grnderpark etablera ei avdeling i Fjordn Senter i Eikelandsosen. No søkjer dei leigetakarar.
onsdag 23. januar Fusa kommune
Julatrefest 20. dag jul
Velkommen til ALLE på Tjuandedag Knut jagar jula ut- fest i Eikelandsosen bedehus laurdag 12. januar kl. 13. Det blir både god mat, gang rundt juletreet og besøk av nissen.
fredag 11. januar Fusa kommune
Kva kostar dei kommunale tenestene i 2019?
Lurer du på kva det kostar med barnehageplass, SFO, kulturskuletimar, opphald på sjukeheimen, heimetenester, renovasjon, kommunal tryggleiksalarm eller feiing i 2019? Kommunestyret vedtok dei nye betalingssatsane i møtet 13.12.2018.Satsane gjeld frå 01.01.2019. Sjå gebyrregulativet for...
fredag 4. januar Fusa kommune
Kortreiste julegåver i år?
Kvifor ikkje handla lokale julegåver? Samlinga med ord og uttrykk frå Fusa, Gasta greie, vart ein suksess i 2016, men langt frå alle har sikra seg boka. Kanskje du skal gleda nokon med eit kort i symjehallen? Eit alternativ kan vera å gje seg sjølv i gåve til dei som treng di...
17. desember 2018 Fusa kommune
Endra tømmedagar for jula 2018 - BIR
Grunna interne omleggingar har det blitt naudsynt å endra kjørerutene til BIR. På grunn av dette vil det bli enkelte nye tømmedagar i jula enn det som først vart nyleg annonsert i Bossanova. Sjå meir informasjon og tømmeplan her.
14. desember 2018 Fusa kommune
UKM for Os og Fusa 9. mars
Det vert felles lokalmønstringa for unge kultur i Os og Fusa laurdag 9. mars kl 16.00. Arrangementet er flytta til Eikelandsfjorden samfunnshus fordi Fjorden arena ikkje er klar til bruk. Du kan stadig melda deg på digitalt påwww.ukm.no, med frist3. mars. Det er alt mange påmelde og berre...
12. desember 2018 Fusa kommune
Heider til Gunn Marit Baldersheim
Lærar på Vaksenopplæringa i Fusa Gunn Marit Baldersheim vart 7. desember tildelt Norges Vel si medalje for lang og tru teneste etter 42 år som tilsett i kommunen. Fusa kommune gratulerer!
12. desember 2018 Fusa kommune
Jury har innstilt nytt kommunevåpen
Juryen har kome med si innstilling til kommunevåpen for Bjørnafjorden kommune. Forslaget skal opp i Fellesnemnda måndag 10. desember. Kommunestyra skal gjera endeleg vedtak på nyåret. Sjå omtale og presentasjon av alle forslaga påBjørnafjorden kommunesi nettside.
7. desember 2018 Fusa kommune
Kommunestyremøte 13. desember 2018
Fusa kommunestyre har møte i Eikelandsfjorden samfunnshus torsdag 13. desember 2018 kl. 10.00. Kommunestyret skal m.a. handsama budsjettet for 2019 og økonomiplanen for 2019-2022, løypemelding om framtidig drift av ny idrettshall, godkjenning av fleire reguleringsplanar og forprosjekt Jettegryto...
5. desember 2018 Fusa kommune
Juleutstilling og juleverkstad i Kommunetunet
Biletkunstnar Bente V. Dankertsen har stor juleutstilling i Glasgato i Kommunetunet, Eikelandsosen, laurdag 1. og søndag 2. desember frå kl 11-17. I biblioteket same stad, kan små og store vera med på juleverkstad laurdag kl 10-14.
29. november 2018 Fusa kommune
Formannskapet sitt budsjettframlegg er klart
Fusa formannskap sitt framlegg til budsjett for 2019, med avgiftsbudsjett og investeringsprogram 2019-2022, er lagt ut til offentleg ettersyn. Har du merknader til budsjettframlegget? Dei må vera mottekne av post@fusa.kommune.no eller ekspedisjonen i Kommunetunet seinast onsdag 12.12.2018 kl. 10.00.
27. november 2018 Fusa kommune
Kan du ta på deg vintervedlikehald i søre Fusa?
Vinteren nærmar seg, og vi må vera budde på vinterføre på vegane. Fusa kommune manglar folk til å ta seg av brøyting og strøing på kommunale vegar sør for Femanger. Ta kontakt med einingsleiar for Teknisk drift Øystein Havsgård snarast,...
21. november 2018 Fusa kommune
Nye og enklare byggeblankettar
Har du planar om eit mindre byggeprosjekt på bustadeigedomen din? No er det kome nye og enklare søknadsskjema frå Direktoratet for byggkvalitet. Dei har g laga ein filmsnutt som forklarer korleis du søkjer og kva du må tenkja på.
21. november 2018 Fusa kommune
Lokal bokkveld i biblioteket
I Torsdagsakademiet 22. november kl 19 vert du presentert for årets lokale bøker. Ingvar Nistad kjem med ny diktbok og Ella Marie Brekke Vangsnes har skrive bok om Eide Fjordbruk. Musikalsk gjest er Frida Anda Vangen.
20. november 2018 Fusa kommune
ANNONSE

ANNONSE

ANNONSE

AVISER

FUSA

HORDALAND

ANNONSE

ANNONSE

2XS
XS
S
M
L
XL
2XL
3XL