

Varehuset Knut Rydland vart heidra med næringsprisen på 15 årsdagen! I november vart det kjent at Varehuset Knut Rydland skulle få næringsprisen for 2020. - Denne prisen kom heilt ut av det blå, men den gjev oss ny giv og nytt pågangsmot til å fortsetja, uttala Unn...


– Dette er avgjerande for å skape framtidstru, evne og lyst til å satse i næringa, seier fylkesordførar Jon Askeland etter at fylkesutvalet, i høyringsinnspel til jordbruksforhandlingane, ber om auka investeringsstøtta til mjølkeproduksjon. Fylkesutvalet har...


K. Volden Transport AS slapp unna dei verste korona-konsekvensane i fjor, og leverte frå seg eit rekneskap med solid overskot. Med ein omsetnad på over 34 millionar kroner, og eit resultat før skatt på nær 3,8 millionar kroner kan verksemda sjå attende på nok eit godt...


Randi Dalen ved Kråko Gjestetun fekk kjenne konsekvensane av koronapandemien i fjor, men ser lyst på 2021. – Sommaren var jo forholdsvis grei, og me jobba hardt for å ta inn noko av det me tapte, men då landet stengte ned igjen har det ikkje vore så mykje aktivitet, fortel Dalen....


Rådmann Olaug Haugen melder i dag om eit nytt smittetilfelle i Fitjar. - Me har i dag, 2. mars, fått melding om eitt nye smittetilfelle som er knytt til Fitjar kommune. Dette gjeld importsmitte og arbeidarar som skulle i arbeid på Fitjar Mekaniske Verksted. Testing, isolering, smittesporing ...


Kunstivest med fotograf John Arvid Skumsnes i spissen tilbyr alt innan fotooppdrag og sal av fotokunst. Me fotograferer det du måtte ønska både i studio eller på lokasjon. Portretter, Konfirmasjon, Familiebilder, Bryllup, Bedriftsfoto, Eiendomsfoto, etc. Me tilbyr også...


Utset innspelsfristen til trafikktryggingsplanen for 2021-2031. I februar vedtok utval for plan og miljø oppstarten av Fitjar sin nye trafikktryggingsplan. Allereie har det kome inn fleire innspel til planen, og tryggleiken for skuleborn og andre gåande er noko som går att i innspela. Hildegunn ...


- Grunn til å tru at me vil halda fram med store investeringar i Fitjar. I februar kunne me fortelja at Lerøy vurderer å byggja eit landbasert oppdrettsanlegg på Årskog. – Planen er å bygge ut i tre steg. Første og andre steg er vidare auke i produksjon av postsmolt....
VESTLAND

Hjem


I snart fem år har Fitjar gardsmat selt kjøt av Angus og utegris, og denne veka var dei med på å feira at reko-ringen i Sunnhordland vart 2 år. I 2016 bestemte dei to bøndene; Sverre Sæterbø og Oddvar de Fine for å starta Fitjar gardsmat saman. Med seg...


Torsdag og fredag fekk 6.klasse ved Rimbareid skule tenka heilt utanfor boksen. I samarbeid med Ungt Entreprenørskap fekk elevane ei utfordring frå næringslivet, og måtte saman jobba fram og presentera ei teknologibasert løysing. - Tanken med dette undervisningsopplegget er å...


Lesarbrev: Ordførar Harald Rydland og varaordførar Sigurd Andre Maraas svarar på reaksjonane om dei nye eigedomskatt-takstane. Fitjar kommune har sendt ut brev om nye takstar og utrekna eigedomsskatt. Lova om eigedomsskatt set krav om at kommunar som har slik skatt, skal føreta allmenn...


Sjølv om arbeidsløysa i regionen har gått ned i høve førre månad, er NAV uroa over at fleire bedrifter har sendt ut varsel om permittering. - Over halvparten av alle nyregistrerte arbeidssøkjarar er permitterte. Me har motteke varsel om permittering frå bedrifter...


Ungdomstemaet «Laget», skal få unge arbeidsledige i jobb, men NAV Fitjar legg ikkje skjul på at koronaen har sett ein midlertidig stoppar for suksessen. Sidan hausten 2018 har NAV Fitjar hatt eit ungdomsteam for unge arbeidsledige som får stønad frå NAV. - Me vurderer alle...


Ei gradvis heving av tiltaka trinn for trinn i fire etappar. Det blir kjernen i den store planen for gjenopning av Noreg. AV: NPK Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet jobbar i desse dagar for fullt med den nye strategien, som skal leggjast fram i siste halvdel av mars. Som ledd i arbeidet ...

I Fitjar kommune er folketalet 3 147 personar pr. 31.12.2020.


Etter ein heftig diskusjon kom fleirtalet i kommunestyret fram til å nok ein gong utsetja avgjersla om kvar den nye kommunale barnehagen skal liggja. Sidan september har politikarane diskutert kvar den nye barnehagen skal liggja, og ein har sett tydeleg på sosiale medium at det ikkje berre er po ...


Politiet i Sør-Vest melder på twitter at det har vore ei trafikkulykke på E39 rett før kl.13. Naudetatane er på veg til staden, men det skal vera snakk om eit køyretøy som har køyrt av vegen. - Fører er bevisst og fremstår som uskadd. Saka vert...
E 39: En bil har kjørt av veien på E 39 i Fitjar-traktene, melder Sær Vest politidistrikt 12.55 onsdag.

Hjem


Stord, Fitjar og Bømlo har i dag fått melding frå Bufdir om at dei tre samarbeidskommunane har blitt tildelt kr 13.810.000,- i tilskot til forsøk med fritidskort - Dette vil seia at alle barn og unge i alderen 6 – 18 år vil få dekka kr 1.000,- hausten 2021 og...


Fitjar mista heile 42 innbyggjarar i fjor. – Eg likar det ikkje, seier ordførar Harald Rydland som likevel er positiv for framtida. Med eit fødselsoverskot på 0, og nettoinnflytting på -42, kjem Fitjar dårlegast ut når det gjeld folkeveksten i 2020 av...



Gratulerer så mykje med 21-årsdagen i dag, Marte! Du er flink, sprek, klok og snill, og me ynskjer deg ein strålande flott bursdag i Bergen!Bursdagsklemmar frå Guro, Sofie, Selma, Mamma og Pappa


– Me håpar å inspirera andre til å starta andelslandbruk, seier Kajsa Nordström i Lønning Lutlandbruk. Andelslandbruk er ein ny modell i norsk landbruk som har auka kraftig over heile Noreg dei siste åra. På få år er det etablert andelsbruk både i...


Kronikk: Den bikkjekalde vinteren pressar straumprisane oppover. Til alle dykk som no etterspør lågare nettleige som ein kompensasjon for høge straumutgifter – me har ikkje vondt i viljen. Dette er eit forsøk på å forklara kvifor me likevel må skuffa dykk. Av: Magne...


I 2020 tok 57 personar idrettsmerket i Fitjar. Dette er ein liten nedgang frå 2019, kan korona har skulda? Øyvind Skålevik kan rapportera at 22 kvinner og 35 menn tok idrettsmerket i 2020. - Per Audun Kloster tok merket for 51. gong, medan Magnar Kloster nærmar seg. Han fekk merket for...


Fleire enn fire av fem nordmenn ønskjer å ta koronavaksine når dei får tilbod om det. Det er det høgaste talet hittil. AV: NPK-NTB Ifølgje Norsk koronamonitor frå Opinion svarer 81 prosent at dei ønskjer å ta vaksine, medan berre 8 prosent svarer...


Politiet jobbar framleis med å avklare korleis brannen om bord "Hordagut" i oktober i fjor kunne oppstå. Det var på ettermiddagen 27. oktober i fjor at alarmen gjekk på Fitjar Mekaniske Verksted. Ein brann braut ut om bord brønnbåten "Hordagut" som var under...


Ordførar Harald Rydland melder at det i dag, 19. februar, er påvist eitt nytt tilfelle med koronasmitte. - Dette er importsmitte og er knytt til Fitjar Mekaniske Verksted. Vedkommande som er smitta er tidlegare kjend nærkontakt i brakkeriggen, der 11 personar framleis er i...


Konsernet Lerøy er i forhandlingar om utbygging av eit nytt landbasert oppdrettsanlegg i Vestland fylke. Det skriv Kyst.no. Anlegget skal vere eit såkalla RAS-anlegg. Det betyr leit ukka anlegg på land som brukar vassresirkulering. – Planen er å bygge ut i tre steg. Første og...


Uvedkommande har stukke av med nøklane til Fitjar kultur- og idrettsbygg. Fitjar kultur- og idrettsbygg operer med frivillige tilynsvakter. Desse har tilgang til ein nøkkelboks på utsida av bygget for å komma seg inn og ha vaktene sine. Frivilligsentralen koordinerer denne ordninga. No...


Sigurd Andre Maraas og Fitjar Frp meiner den nye kommunale barnehagen må ligga i sentrum. - Det er rart med ein Frp’ar som talar om miljøet, men det er rarare at ingen andre gjer det. Utval for oppvekst og omsorg gjekk nyleg inn for at den nye kommunale barnehagen bør plasserast i...
VESTLAND


Mange gode framlegg kom inn i namnekonkurransen, men berre eit kunne stikka av med sigeren. I starten på feburar lyste kulturkontoret ut namnekonkurranse for den nye dagsturhytta som skal setjast opp på Tveitakleiva. Hytta er bestilt og venta til Fitjar i mars. Kultursjef Bente Bjelland fortel a ...


Styret går inn for utsetjing. Styret i Fitjarfestivalen vedtok på styremøtet i går, 17. februar, å utsetja festivalen til 2022. Styret meiner det er mange usikre element som gjer at det vert tilnærma umogleg å veta kva ein potensielt kan få gjennomført i...


Politiet er på veg til staden. Klokka 14.15 fekk politiet melding om at det hadde skjedd eit arbeidsuhell på Fitjar. - Ein person skal ha skada handa si, opplyser Sørvest politidistrikt. Politiet har ikkje fleire opplysningar om saka per no, då dei er på veg ut til staden. Saka blir...


Fira av seksten arbeidarar i karantene har testa positivt. No ventar Fitjar Mekaniske Verksted og Fitjar kommune spent på testresultata for dei tolv siste. 3. februar meldte Fitjar kommune at ein person ved Fitjar Mek. hadde testa positivt for covid19. Arbeidaren testa positivt medan han var i i ...


Fitjar kommune sitt strenge lokale smittevernsvedtak ved Fitjar bu- og behandlingssenter er no oppheva. - Fitjar kommune har oppheva vedtaket etter smittevernlova om besøksrestriksjonar på sjukeheimen ja. Me ser at det er lite smitte i samfunnet, og det er 14 dagar sidan alle bebuarane vart full ...


Formannskapet gav rådmannen løyve til å setja i verk investeringar for 13,5 million kroner. Totalt vedtok kommunestyret investeringar for 35 millionar kroner under budsjetthandsaminga i fjor, og i går fekk rådmannen fullmakt til å setja i verk fleire av dei mindre og/eller...


Kjell Nesbø (Ap) bad ordføraren om å ta initiativ til å vedta eit seriøsitetskrav i bygg og anleggskontraktar i Fitjar kommune. Arbeidarpartiet sin reprentant hadde i forkant av formannskapsmøtet i dag sendt inn spørsmål til ordførarar Harald Rydland der...


Ein mann frå Fitjar må betala 50.000 kroner til statskassa og må klara seg utan lappen i 20 månadar. Det var i seint på kvelden ein desemberdag i 2020 at fitjarbuen sat seg bak rattet og køyrde rundt på Fitjar, trass i at han var påverka av alkohol. Analysen av...


Politikarane hadde sterke meiningar om korleis visjonen «Fitjar – naturlegvis» skal nyttast, eller rettare sagt ikkje nyttast. Formannskapet var i dag samla til årets første møte, og dagens store diskusjon vart om kommunen sin visjonbruk. Visjonen som er teikna av Zpirit...


Det er ikkje mistanke om at det har skjedd noko kriminelt. - Eit trist, men også interessant syn, møtte meg på gangvegen langs vegen mellom Gartnertunet og Kultur- og idrettsbygget på Fitjar, opplyser Bent-Jarle Brenne til Fitjarposten. Han traff nemleg på ei død and som ser ut...


Regjeringa droppar å leggje fram eit lovforslag om portforbod for Stortinget. Det stadfestar justisminister Monica Mæland (H) overfor NRK. AV: NPK-NTP/ Ingrid Hovstad – Det er vår oppfatning at vi ikkje har bruk for portforbod som tiltak. Vi meiner likevel at det var riktig å greie ut...


- Endeleg hadde me tid og økonomi til å leva ut draumen. Mange assosierer nok Rune Sandvik med medieoppslag om fisk og oppdrett, men me møter han for å prata om noko heilt anna. I ein alder av 50 har nemleg Rune Sandvik bestemt seg for å gjera draumen sin verkeleg og har kjøpt...


Born og unge i Fitjar, Stord og Bømlo har ein gladnyheit i vente til hausten. I desember kunne me medela at Fitjar, Stord og Bømlo fekk plass i regjeringa si prøveordning med fritidskort i frå august 2021. Dei tre kommunane fekk i tillegg på plass ei særordning som gjer at...


Frå mai kan du byggje terrasse og mindre tilbygg på eigen eigedom utan å søkje kommunen om løyve. AV: NPK Regjeringa endrar ei forskrift slik at folk kan byggje meir utan å måtte sende inn søknad først, skriv Nettavisen. Dei nye reglane gjeld frå...

For å følgje møte i formannskapet 17. februar digitalt, kan ein kople seg til Teams på denne lenka


Lars Erik Dalen og Linn Sørfonn satsar på boergeit, og er kanskje dei einaste på øya med denne rasen. Eit av dei to kjea. Foto: privat Den litt spesielle geiterasa skil seg ut med sin store kropp, store horn og lange hengeøyre. Boergeita kjem opphaveleg frå Sør-Afrika,...


- Snu. Bli Fitjarbu! Kristian Skumsnes har stor tru på at det er mogleg å setja opp eit flott skilt som skal reklamera for Fitjar i Sandvikvågen. - Det har seg slik at det står eit skilt i Sandvikvågen, som eg og Harald Rydland nyleg hogga fram att. Skiltet kom opp på 80-talet, og...


I dag er det tre grunnar til å lage litt ekstra ståhei. 14. februar er det både fastelavn, valentinsdag og morsdag. AV: NPK For ti år sidan fortalde statistikk-eksperten Bjørn Auestad oss kva som vil skje på denne søndagen. Han hadde rekna ut sannsynet for at dei tre...


Fitjar Mekaniske Verkstad søkjer i år fleire lærlingar, og håpar på å lokka lokale ungdomar til hjørnesteinsbedrifta i Fitjar. Sindre Gjøsæter starta som lærling hos Fitjar Mek. hausten 2020. Han tykkjer kvardagen som...


Malene Løklingholm Torland tek hobbyen sin eit steg vidare, og har skaffa seg både utdanning og starta nytt firma innan interiør. - Eg ynskjer å driva med oppussing, gjerne på budsjett og ved hjelp av gjenbruk. Ein treng ikkje alltid kjøpa nytt, av og til det er det nok å...


Aga (H) stilte spørsmål om korleis Fitjar passar på sårbare born under pandemien. Høgrerepresentanten Geirmund Aga hadde fleire spørsmål til skulesjefen under møte i utval for oppvekst og omsorg tidlegare i veka. Han synte til sprengt kapasitet ved krisetelefonar...


- Har Fitjar Kommune diskutert å innføra strengare smitteverntiltak enn me har no, som fylgje av mutasjonsutbrota, for å prøva å hindra utbrot i vår kommune? Utvalsleiar for oppvekst og omsorg Grete Marit Veka Maraas (Sp) hadde sendt inn fleire spørsmål i forkant av...


Rådmann Olaug Haugen melder i dag om tre nye smittetilfelle i Fitjar. Fitjar kommune meldte for ei veke sidan at ein person knytta til Fitjar Mekaniske Verksted hadde testa positivt for Covid-19. Som ein følgje vart 15 personar sett i karantene. No har tre av desse testa positivt. - Fitjar kommu ...


Utval for oppvekst og omsorg vart i dag einige om å tilrå at den nye kommunale barnehagen vert plassert i Rossneset. Sidan september har politikarane diskutert kvar den nye kommunale barnehagen skal liggja. Kommunestyret klarte i desember å bli einige om å korta ned alternativlista til tre...


Fitjar småbåt har mykje arbeid om dagane, og kan no skilta med heile seks tilsette i verksemda. I november meldte Fitjar småbåt at dei hadde tilsett Dagfinn Aarre. Dagleg leiar Kjetil Grimen uttala at mengda serviceoppdrag hadde auka betrakteleg, og at det var naturleg å tilsetta ein...
VESTLAND


Statsforvaltaren meiner at Fitjar kommune har brote lova sidan 2019, men Fitjar kommune meiner pandemien og mangel på kommuneoverlege har gjort det vanskeleg å retta feilen innan Statsforvaltaren sin tidsfrist. I juni 2019 var statsforvaltaren på tilsyn i Fitjar kommune. Dei hadde då tilsyn...


Ordførar Harald Rydland oppmodar folk til å testa seg for korona. - Etter samråd mellom smittevernlege Odd Kvamme i Fitjar og Lars Helge Sørheim i Stord, vert det førebels ikkje innført lokale tiltak hos oss som ein fylgje av utbrota nordom- og inne i fjorden, melder Rydland....


I går var det beint 43 år sidan Bjørn Helland gjekk gjennom isen på Storavatnet i Fitjar. Han hugsar hendinga godt, og fortel at det var eit under at han overlevde. - Me var mange på isen den dagen. Eg var med kompisane mine å skeisa i Vik, når eg fann ut at eg skulle ta...


Me i Fitjarposten håpar alle har ein fin søndag, og nyt sola, med eller utan ski på beina. For dei som ynskjer seg ein skitur med Olstjødna som utgangspunkt har Midtfjellet Vindpark laga ekstra parkeringsplass. - Det er meldt sol og gode skiforhold i helga og me ventar mange skientusiastar...


Sidan mars 2006 har Karsten Vestbøstad og Unn Skåtun eigd og drive Varehuset Knut Rydland saman: – Mange trur me er gift, men det er kanskje ikkje so rart. Det vert nesten som eit ekteskap når ein jobbar so tett saman, ler duoen. Den elektriske skyvedøra går opp, og me...


Ordførar Harald Rydland kjem med siste nytt frå kriseleiinga i dag, og melder at det lokale vedtaket om besøk på sjukeheimen vert vidareført. Vedtaket lyder slik: - Det vert tillate med besøk av inntil 2 faste personar i denne perioden. Besøk skal gå...


Framleis er det ingen aktuelle søkjarar til dei to ledige fastlegestillingane i Fitjar. No vurderer rådmannen vikarbyrå. I neste veke får utval for oppvekst og omsorg ei sak på bordet om legesituasjonen i Fitjar. Rådmannen skriv i sakspapira at det er utfordrande å...


Dåfjorden Klekkeri omsette for det meste for nær ni millionar kroner i året. Derfrå har det gått nedover, og no har selskapet gått konkurs. Den vesle bedrifta Dåfjorden Klekkeri, som tel to tilsette, må leggja inn årene. Selskapet meldte oppbod torsdag, og vil...


Skal utval for oppvekst og omsorg endeleg gå inn for kvar de nye barnehagen skal liggja? Plasseringa av den nye kommunale barnehagen har vore ein lang diskusjon, les meir her. Det siste som skjedde var at kommunestyret vedtok å lysa ut arkitektkonkurransen for barnehagen, medan administrasjonen ...


Trygg Trafikk sine årlege refleksteljingar viser at både nordmenn og vestlendingar flest har vorte flinkare til å bruka refleks. Likevel bruker framleis under halvparten av oss refleks i mørket. Dårlegast er det i byar som Oslo og Bergen. Refleksteljingane for 2020 syner at 45 prosent...


Rådmann Olaug Haugen melder at det er registrert eit nytt smittetilfelle i Fitjar i dag. - Det siste smittetilfellet i Fitjar vart registrert i dag 3. februar. Dette er importsmitte og er knytt til Fitjar Mekaniske Verksted AS, fortel Haugen. - Den smitta er isolert og 15 personar er sett i kara ...


Utval for plan- og miljø vedtok i går oppstarten av «Trafikktryggingsplan for Fitjar 2021-2031» . Rådmannen orienterte om planane, og synte til planstrategi 2020-2023 som vart vedteke i september. Der går det fram at trafikktryggingsplan for Fitjar skal ha si hovudrullering i...



Politikarane i utval for plan og miljø diskuterte lenge, men kom til slutt fram til at «Reguleringsplan for Skålevik» kan gå vidare med dei nye føreslåtte plangrensene, heilt utan krav til kva type bustadar området vert regulert til. Etter at utval for plan og...


Ordførarane i Stord, Fitjar, Austevoll, Bømlo, Etne, Kvinnherad, Sveio og Tysnes har saman med 100 andre ordførarar skrive under på eit brev som krev nynorsk for skuleelevane deira på Google. I brevet krev dei at det skal koma nynorskversjonar av program som er mykje nytta i skulen....


Etter å nytta koronaåret 2020 til å planlegga og utvikla, står Marie Leiknes i Leik Knitwear klar for 2021, eit år ho sjølv trur vert veldig spennande. Marie Leiknes smiler stort og håpar det kjem folk innom fabrikken hennar på Naustet i løpet av dagen. Ho...

Koronavaksinasjon er ein del av det nasjonale vaksinasjonsprogrammet, og Fitjar kommune skal tilby innbyggjarane vaksinasjon