

Nyleg var Agder fylkeskommune på synfaring rundt om i Bykle kommune. Det var anlegg som har fått eller kan få spelemidlar som var målet for turen.



Sist veke hadde Marianne Orre sin siste arbeidsdag ved Bykle barnehage. Ho vart heidra med blomar - og vårrullar!


Midt-Agder friluftsråd, der Bykle kommune er med, skipar til sommaraktivitetsenter i landsdelen, og det er aldeles gratis å vere med.


For dei som ser brannbilar og røyk og høyrer sirener på Hovden tysdag 28. juni er det ingen grunn til uro, det er bare Setesdal brannvesen IKS som har øving.


Dei folkevalde i Bykle var torsdag 23. juni samla til kommunestyremøte. Ei lang saksliste venta.



Kommunestyret i Bykle har sagt ja til å ta imot 25 flyktningar. No har dei første kome frå eit krigsherja Ukraina.
AGDER


I desse dagar er to forskarar frå NIBIO - Norsk institutt for bioforskning, på farten rundt om i Bykle kommune. Temaet er utmarksbeite.


Det byrja med eit innspel i ungdomsrådet. No er det ein realitet. Bykle kommune set i gang ei prøveordning med gratis busskort for born og unge.


Kjem bare sommarvarmen er det mange fine stader å lauge seg i Bykle. Å toppe Storetjønn skal vel likevel noko til.


Torsdag 23. juni samlar kommunestyret i Bykle seg i rådhuset. Ei rekke saker skal handsamast før sommarferien.


Pensjonistar og uføre i kommunane Bykle, Valle og Bygland har no sjansen til å bli med på dagstur til Åseral med Risdal touring.


Laurdag 18. juni opnar Setesdalsmuseet på Rysstad utstillingane Strikkearven og Beverens reise.


Otra Kraft DA har fått laga tilgangskort til Urevassvegen, og slike kan no hentast på rådhuset i Bykle.


Elevar frå 1. til 10. klasse tumla med stort og smått då det vart skipa til sommaravslutning på kunstgrasbanen i Bykle for nokre dagar sidan.


Heim


Eit engasjert publikum i Hovden grendehus fekk med seg folkemøtet om Viking & Villrein-prosjektet nyleg.


Brukarar og tilsette ved Bykle helsesentar har fått ein sers triveleg fast gjest - eit ekorn. Krabaten dukkar no opp nesten kvar dag.


Juni er Pride-månaden, og landet rundt har Pride blitt markert. Også i Bykle kommune, takka vere ungdomsrådet. Dei såg til at Pride-flagget kom opp. Det vaia i vinden som ein proklamasjon om toleranse og likeverd.


Brannsjef i Setesdal brannvesen IKS, Mikael Kristiansen, har sagt opp stillinga si. No er Olav Nese konstituert som ny brannsjef ut året.


Barnehagane i Bykle kommune skårar skyhøgt i nasjonale undersøkingar. Både foreldre, born og tilsette er nøgde, men ein ting ynskjer barnehageleiar Caroline Rysstad seg - fleire mannfolk i arbeidsstokken!


For folk øvst i dalen er det ikkje behov for lange turar for å få fine glimt av natur og bygdeliv. Det viser blinkskotet til Sigrid Bjørgum tydeleg.


Urevassvegen frå Rjomelii til Urevatn i Bykle opnar 1. juli - men bare for fastbuande i kommunen. Årsaka til restriksjonane er at vegen går i eit viktig trekkområde for villreinen.


Nyleg vitja tre skottar Bykle kommune som del av ei kartleggjing av naturen øvst i Setesdal. Dei driv undersøkelsar mellom anna på Bjåen.


Arkeologar frå Agder fylkeskommune vitja nyleg Bykle kommune. I delegasjonen kom det både gamle og nye kostar.


Det er uvisst kor den varsla flyktningkrisa etter krigen i Ukraina har blitt av, status er i alle fall at fleire kommunar rundt om i landet no trappar ned beredskapen. I Bykle kommune kjem snart dei første seks flyktningane.


Søstermarihånd er ein raudlista orkide som bare er å finne i aust og sør her i landet. Ein av stadene den flotte blomen dukkar opp kvar vår, er i Bykle!


Ein må slett ikkje ut av Bykle kyrkjebygd for å få utsikt over dalen! I alle fall er det ikkje meir enn ein svipp til Uppistog som skal til! Biletet av utsikta med retning Bykil kan vere fin pinsehelsing i år!


Kommunestyret i Bykle har vedteke at kommunen kan ta imot inntil 25 flyktningar frå det krigsherja Ukraina. No kjem dei seks første.


Prosjektet Viking & Villrein, eit samarbeid mellom Bykle kommune, Hovden Næringslag/reiselivsaktørar og Destinasjon Hovden, skipar til folkemøte i Hovden grendehus torsdag 9. juni.


Under sist kommunestyremøte i Bykle gjekk dei folkevalde inn for å byggje fire ungdomsbustader på Hovden.


At me bur i ein vakker dal er nok dei fleste samde i. Bygd og grend er små smykke med menneske og natur i samspel. Vakre Bykle kyrkjebygd ein dag seint i mai talar for seg sjølv.
AGDER


Etter at kommunestyret i Bykle tysdag kveld vedtok å auke bustadtilskotet i kommunen til 600.000 kr., har media skrive mykje om saka.


Under kommunestyremøtet i Bykle tysdag kom Torvald Gautland for å orientere om prosessen fram mot nytt Hovden badeland. - Alle ynskjer seg basseng på 25 meter med stupetårn, men det vil i tilfelle drive kostnadene i veret. Det betyr ikkje at me utelukkar


Fredag 27. mai blir sykkelrittet Tour of Norway skipa til med start frå Hovden. Den dagen ber Bykle kommune alle om å la vere å parkere ved Hovden grendehus.


Under kommunestyremøtet i Bykle rådhus tysdag kveld vedtok dei folkevalde at alle som byggjer seg nytt hus med utleigedel i kommunen skal få 600.000 kr. i kommunalt bustadtilskot.


Kommunestyremøtet i Bykle rådhus er i gang, og først ut er ei orientering om E134-Haukelivegen-prosjektet.


Nyleg vart det gjennomført såkalla skjønn på Hovden badeland.


IKT Agder skal ta over den digitale drifta for kommunane i Setesdal. Tysdag er dei i Bykle og har informasjonsmøte med kommunalt tilsette.


Sist veke var ein delegasjon frå Bykle kommune saman med representantar for AS Sætersdalen i Oslo i møte med det verdskjende arkitektkontoret Snøhetta. AS Sætersdalen har utfordra Snøhetta til å etablere eit prosjekt som skal vidareutvikle Hovden som


Tysdag 24. mai klokka 16.00 samlar kommunestyret i Bykle seg i rådhuset. På sakslista står alt frå orientering om E134 Haukelivegen til etableringstilskot.


I to-tre timar om morgonen måndag 23. mai blir vegen over dammen i Sarvsjuvet stengt.


Flottare kveldsljos enn det folk fekk sjå øvst i dalen her om kvelden skal det godt gjerast å få oppleve!


I siste utgåve av Kommunal Rapport kjem nok ein smakebit av det komande Kommunebarometeret - og denne gonga er det satsinga på kultur det handlar om. Bykle er med i den gjeve toppgruppa nasjonalt.


Det er swhung over reingjeringa i Bykle rådhus! Areita Dianna Clementsen frå Jamaica vaskar med såpe, vatn og musikk!


Bykle-ordførar Jon Rolf Næss er stolt etter ein fantastisk nasjonaldag øvst i dalen. - Ei stor takk til alle som står på for at dagen skal bli den festen alle vil ha, seier han.


Under 17. mai-feiringa i Bykle fekk Randi Steinsholt Bykle kommune sin kulturpris. Det var ei populær utdeling.


Veret kunne ikkje ha vore betre, folk kunne ikkje ha vore blidare og isen har vel aldri smakt betre enn då byklarar samla seg til stor feiring 17. mai!


Måndag har borna i Bykle barnehage og elevane på skulen trent seg på å gå i 17. mai-tog. Skal ein døme etter øvinga, blir det swhung over sakene nasjonaldagen!


Bykle kommune har etablert sitt eige villreinsertifikat for å auke kunnskapen blant folk flest. Initiativtakar Sigrid Bjørgum håpar endå fleire vil ta sertifikatet.


Ikkje før har barnehagane i Bykle kommune skåra på den nasjonale toppen med tanke på korleis foreldra opplever tenestene, før Kommunebarometeret gjev dei same barnehagane toppskår!


Setesdal brannvesen IKS skal gjennomføre brannøving på Hovden, men øvinga er utsett til torsdag 19. mai.



Fleirtalet i Bykle formannskap går inn for at tilskotet til dei som vil byggje seg bustad i kommunen skal aukast frå 127.000 kr. til 500.000 kr. Kommunestyret får siste ord 24. mai.


Nicole Væting er tilsett som flyktningkoordinator i 60% stilling i Bykle kommune. Ho er alt på plass i Bykle rådhus.


Bebuarane på Bykle sjukeheim får kvar dag servert smakeleg mat - brødmat og godt pålegg og skikkeleg heimelaga middagar. Om torsdagane kan også bygdefolk innom for ein smak.


For den som ser brannbilar og mykje aktivitet på Hovden onsdag 11. mai er det inga grunn til uro. Det er Setesdal brannvesen IKS som har storskala øving ved Djupetjønn.
AGDER


Årets 17. mai blir garantert ein heidundrande folkefest etter år med korona og restriksjonar. Programmet for folk i Bykle og på Hovden er innhaldsrikt.


Sekretær i 17.mai-komiteen i Bykle kommune, Leif Kvinlog, har fått eit noko uventa problem i hendene - han får ikkje tak i vekslepengar til den store dagen!
.jpg?return=www.bykle.kommune.no)

Onsdag 11. mai klokka 11. må alle med sans for viser og musikk vere til stades på Bykle helsesenter! Då kjem trubaduren Frode Moltemyr på besøk!
.jpg?return=www.bykle.kommune.no)

Mange fekk det med seg då den nye klatreveggen i Hovden grendehus vart opna torsdag. Storsatsinga kjem til å bli eit av dei mest populære tilboda for byklarar og tilreisande i alle aldrar!

.


Fredag skipa næringsavdelinga i Bykle kommune til frukost med og for lokalt næringsliv. Der var temaet først og fremst arbeidet med strategisk næringsplan for kommunen. - No ynskjer me endå fleire innspel, seier næringsrådgjevar Trine Tharaldsen.


Om dei ikkje var så mange så fekk dei som deltok på seminaret Ung innafor i Hovden grendehus torsdag valuta for pengane.


Torsdag sit kommunestyret i Bykle saman med administrasjonen i temamøte om det som skal bli nytt delegasjonsreglement.


Torsdag 5. mai klokka 17.00 blir det snorklypping for den nye klatreveggen i Hovden grendehus.


Om det er bemanna bibliotek eller ikkje i Hovden grendehus - Sabine Bello er der alltid .


- Skal ein døme etter tilsette og elevar så er Fjellgardane skule ein god stad å vere, slår rektor Rønnaug Torvik fast.


Tysdag var ungdomsrådet i Bykle samla til møte i Bykle rådhus. I kommunestyresalen fekk dei mellom anna ein gjennomgang av aktuelle saker saman med ordførar Jon Rolf Næss.



Borna i Bykle barnehage har pynta opp Bykle rådhus med eit venskapstre!


Under kommunestyremøtet i Bykle sist veke kom det fram at mange lokale ungdomar viser interesse for å kome tilbake til bygda etter skulegang ute.


Fredag 6. mai skipar næringsavdelinga i Bykle kommune til næringsfrukost med lokalt næringsliv på Hovden Fjellstoge.


Det er akutt behov for vikarar til barnehagane i Bykle kommune. Det melder leiar Caroline Rysstad.