

Alt klaffa for musikkteateret «Bella og Solla og Per», på ein junidag det ikkje var så mykje som ein mygg eller regndrope å irritere seg over.

Sjå også videoen med publikumsreaksjonar frå framsyninga av musikketeateret i Smørhamn Handelstad.


Musikkteateret Bella, Solla og Per i Smørhamn den 25. juni.

Formannskapet ber administrasjonen i kommunen om å forhandle om leige av fire kontorplassar til ein studenthub i Iglandsvik Næringspark.

Laurdag 25. og søndag 26. juni blir det gjensyn med lokale talent i musikkteateret Belle og Solla – og Per.

Ungdomsrådet i Bremanger kommune utfordrar kommunen til å skaffe fleire sommarjobbar for ungdommar under 18 år. Leiar i ungdomsrådet Bertine Edvardsen fortel at det er for vanskeleg for unge å få seg sommarjobb.
VESTLAND

Alle fiskerihamnene som ikkje er næringsaktive skal seljast, har fylkestinget i Vestland bestemt. Dette er hamner fylkeskommunen overtok frå Kystverket i samband med regionreforma.

Den siste Terra-avtalen varer fram til 2036. – Då er eg garantert ikkje kommunedirektør i Bremanger kommune lenger, understrekar Tom Joensen.

– Havvind er den nye religionen no når vesle Norge skal berga klimaet i verda. Samstundes er rikspolitikarane villige til å ofre fiskebestandane våre.




Meir enn to av tre nordmenn har allereie tilgang til 5G. No står endeleg Kinn og Bremanger for tur.

Kystveg-forkjempar og samferdslepolitikar Frank Willy Djuvik (Frp) er skuffa over fylkestinget sitt vedtak tysdag.

Bremanger-ordførar Anne Kristin Førde er svært oppgitt etter tysdagens fylkestingsmøte, der Svelgen – Indrehus vart nedprioritert til fordel for ei ny Kystveg-utgreiing.

– Skal du sjå ei utstilling i sommar, så er det denne. Dette er ikkje eit sitat frå Reidun Øvrebotten som eig og driv kulturhuset “Heimen” på Hauge i Bremanger. Sitatet er frå denne middels museumsinteresserte journalisten.



Omsetninga stoppa opp om lag på same nivå som året før, men på botnlinja dobla dei overskotet. Byggtorget gjekk 2,6 millionar i pluss før skatt i fjor. Her er oppdatert næringslivslogg for Kinn og Bremanger.

Kinn og Bremanger må bestemme seg innan 10. august for om dei ønskjer fullt frislepp på avskyting av hjortekalv til hausten.


Kona til Frode Vik i Ålfoten måtte til akuttlegevakt før helga. Sju timar tok det før ho var på sjukehus.

– Eg fryktar spreiing av fugleinfluensa og synest det er rart at ingen kan bistå sjølv om det er helg.


Å drive med utleige av Airbnb er mykje arbeid, men endå viktigare - veldig gøy. Dette kan nokre av dei mest populære utleigarane i Kinn og Bremanger kommune skriv under på.





VESTLAND


Sogndal 2 med Endre Kupen på topp kom til Bremanger fredag kveld. Der skulle målsniken møte ein gammal lagkompis.

Fylkesveg 614 mellom Breivika og Svelgen vert stengd natt til fredag, dette melder Vestland fylkeskommune. Vegen vert stengd frå torsdag 16. juni klokka 22.30 til fredag morgon klokka 05.30.

Kommunestyremøtet i Bremanger fekk besøk av Statsforvaltaren i dag. Dei hadde med kake for å markere at det statlege økonomiske oppsynet med Bremanger er over. Kommunedirektør Tom Joensen vil neppe at kaka blir eten opp i eitt jafs.



I dag vedtek kommunestyret i Bremanger ei høyringsuttale der dei ber statlege myndigheiter ta stilling til Bremangerlandet Vindkraft AS sin søknad om utsetjing av idriftsetjing av vindkraftverket.


Tre av stadane du kjem innom når du går den interessante kulturminneløypa i Svelgen, er «Ungkarsmessa», «Børnefabrikken og Knalltuten» og «Skyssbåtane».

Etter 12 års hardt arbeid greidde advokatane å redusere dei åtte Terra-kommunane sitt tap på 1,5 milliard kroner med 75 prosent.


Lege med doktorgrad i eldreomsorg og forfattar av bøker for livsmeistring, Audun Myskja, kjem til 50-årsfeiringa av rådhuset i Bremanger.

Det blir ikkje fleire avgangar tysdag kveld.
Alle avgangane på sambandet Stårheim – Isane er innstilt ut dagen. Årsaka er tekniske problem.

LivOG Lyst-prosjektet set ingen grenser for kreative idear og til hausten vil dei søkje om opptak i hovudprosjekt.


13. juni 2022


Konfirmasjonen bør utsetjast til ungdommane er 18 år gamle, meiner Svein Erik Tuastad, statsvitar og førsteamanuensis ved Universitetet i Stavanger.

Ålfoten Liv og Lyst har invitert damekoret Silisium Vokal til si samling måndag 13. juni.


Det blir ein actionfylt dag i Svelgen laurdag – godt ispedd lokalmusikk med trøkk i.

Lovnaden om fiberbreiband var ein tungtvegande grunn for Marit Midthjell og Stian Osmundsen då dei flytta til Ålfoten. Jobbane deira, dei ligg att i Bergen.
VESTLAND

Med full fiberdekning blir 2022 eit historisk år innan moderne elektronisk kommunikasjon i Bremanger

Turgåarar oppdaga i helga at det lak hydraulikkolje frå ein av turbinane på Guleslettene.

Teknisk sjef i Kinn kommune, Frode Ellingsund, uroar seg ikkje over drikkevatnet i Florø. Det treng heller ikkje innbggarane gjere, meiner han.

Steinvik-konsernet har fått løyve frå Mattilsynet om å auke biomassen av postsmolt frå 500 tonn til 1500 tonn i anlegget i Svelgen.

Den 11. juni slår Elkem Bremanger på stortromma med stor feiring på det tidlegare kaotiske lagerområdet på Sandetippen

Det vart godt oppmøte då Keipen Turlag i Bremanger opna Moldahytta på søndag.

20. juni innfører Skyss nye billettprisar for buss i Sogn og Fjordane, etter fylkestinget sitt vedtak i desember. Vestland fylke får dermed felles prisar og betalingsmåtar for buss og blir no samla til eitt kollektivrike.

Som i fjor sommar, blir det papirutgåve av Firdaposten ein gong i veka gjennom årets sommarmånader.


Her er næringslivsloggen til og med fredag 3. juni 2022.

I næringslivsloggen finn du ei oversikt over kunngjeringane frå næringslivet i Firdaposten sitt nedslagsfelt: Kinn og Bremanger, basert på eit automatisk uttrekk frå Brønnøysundregistra.





Her er den detaljerte lista av eigedommar som er selde og kjøpt i Bremanger kommune i mai månad.